Civitas og Kima arkitektur
Det trengst 674 000 kroner frå næringslivet over tre år for å få dette til. Sentrumskoordinatoren skal gjere sentrum meir attraktivt og styrkje samarbeidet mellom kommune, handel og næringsliv.
Herøy kommune vedtok hausten 2024 utviklingsplan for Fosnavåg sentrum. Planen skal vere styrande for utviklinga av Fosnavåg sentrum. Fylkeskommunen meiner det er avgjerande at Herøy kommune no jobbar vidare med tiltaka i utviklingsplanen for Fosnavåg slik at arbeidet ikkje stoppar opp.
Eit av desse tiltaka er å få på plass ein sentrumskoordinator. Herøy kommune har fått tilskot på 1 144 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune som skal gå til dette føremålet. Eit av vilkåra for å få utbetalt tilskotet er at vi stiller med 50 prosent av midlane sjølve. Kommunen går inn med 428 000 kroner i form av kontorplass og arbeidstimar. Næringsforum er sett opp med 42 000 kroner i arbeidstimar. Dette gjer at vi står igjen med ei restfinansiering på 674 000 kroner som næringslivet må dekkje over 3 år. Får vi ikkje på plass restfinansieringa mister vi finansieringa frå fylkeskommunen på 1 144 000 kroner.
Eit viktig steg i byutviklingsarbeidet
Kommunen har fått fleire henvendelser om å ta grep om sentrum, både frå handel og næringsliv. Sentrumskoordinator er eit av dei grepa, og det er svært viktig at vi får dette i hamn. På grunn av den økonomiske situasjonen til kommunen er det vanskeleg for kommunen å bidra økonomisk. Det at vi likevel no har fått tak i over ein million kroner er ei moglegheit vi ikkje må la gå frå oss. Framover kjem samarbeid mellom kommune og næringsliv til å bli meir og meir viktig, det er gjennom samarbeid vi kjem til å løyse utfordringane i sentrum.
Kvifor treng vi ein sentrumskoordinator?
- Sentrumskoordinatoren skal jobbe med å gjere sentrum meir attraktivt slik at næringslivet kan trekke til seg nødvendig kompetanse.
- Byutvikling, attraktivitet og omdømebygging heng tett saman med rekruttering. Levande sentrum og gode fritidstilbod er avgjerande for bu- og bli lyst. Vi treng aktivitet og liv i sentrum.
- Vi treng å synleggjere historia vår i bybiletet og styrke identiteten til Fosnavåg. Dette vil styrke identitetskjensla til innbyggarane, og styrke Fosnavåg som turistmål. Dette vil igjen få gode ringverknadar for handel og næringsliv.
Kva skal sentrumskoordinatoren gjere?
Sentrumskoordinatoren skal jobbe som eit bindeledd mellom kommune, handel og næringsliv og jobbe for tett samarbeid og god kommunikasjon. Sentrumskoordinatoren skal vere ein pådrivar for å skape eit levande sentrum gjennom blant anna arrangement og festivalar. Erfaring frå Sykkylven og Ulstein kommunar syner gode resultat med ein slik ressurs på plass. For å lukkast med sentrumsutvikling kan ikkje kommunen dra lasset åleine. Handels- og servicenæringa er avgjerande for å sikre aktivitet og liv i sentrum, og det er ønskeleg å styrke koplinga til alle aktørane som eig og driv i sentrum, men også ut til næringslivet i Herøy generelt – og som direkte eller indirekte skal bidra til å realisere utviklingsplanen.
Suksesshistoriene frå Ulstein og Sykkylven
Ulstein og Sykkylven har begge fått tilsett ein sentrumskoordinator, med 50% midlar frå fylkeskommunen, og Kristiansund står for tur. Både fylkeskommunen og dei to kommunane sjølve ser på dette som ein stor suksess, og seier at dette er avgjerande for å få til ei god utvikling i sentrum. Bedriftene som er med å støtte desse stillingane er også svært positive, og seier at dette er med på å utvikle eit attraktivt sentrum som dei treng for å rekruttere arbeidskraft til eigne bedrifter. Fylkeskommunen har vore ein god rettleiar til sentrumskoordinatorane, og denne ressursen vil også vi kunne nytte oss av. Sentrumskoordinatoren vil få både støtte, oppfølging og ein sparringspart.
No treng vi å få på plass resten av finansieringa, kronerulling må i gong.
Handelsnæringa og anna næringsliv i Herøy må bidrage med totalt 674 000 kroner fordelt over
3 år til stillinga. Dette vil seie i eit praktisk døme: Får vi årleg bidrag på 7021 kroner frå 32 aktørar så klarar vi dette.
Vi kjem tilbake på opplegget for kronerullinga når vi går ut til næringslivet.
So fort finansieringa er i orden kan vi gå ut å søke etter rett person til stillinga. Vi har inga tid å miste!