Mange nye Herøy-turar i årets Stikk UT!

Sjå lista over dei lokale Stikk UT!-turane her. Merk deg at appen har kome i ny og forbetra versjon. God tur!

dronebilde over Herøy gard - Klikk for stort bileteHerøy gard er eit av Stikk UT!-turmåla i Herøy. Svein Arne Orvik

– Gode møte mellom menneske og natur fremmer livskvalitet, og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål, der heile 187 er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Turane finn du i kartbrosjyren som blir levert i postkassene til alle innbyggarane i fylket.

Stikk UT! er ein turtrim for Møre og Romsdal og nokre andre stader i landet. Det er gratis å delta. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober. 

For å vere med må du opprette ein brukar og registrere turane dine i Stikk UT!-appen. I appen finn du også gode turforklaringar med kart og gps-spor.

Frå i år er det berre i appen du kan registrere turane du går.

Her ser du korleis du lastar ned appen.

– Ta omsyn til dyr, plantar og menneske

– Det er viktig å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglane før ein går på tur. Vi oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppfordrar Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.

Årets Stikk UT!-turar i Herøy

  • Blåfjellstien (ny)
  • Byvandring rundt Våje, Fosnavåg
  • Djupvikhaugen (ny)
  • Eggesbøvegen til endes
  • Herøy gard
  • Hornseten (ny)
  • Leinemastra (ny)
  • Lidafjellet (ny)
  • Lysløypa på Leikong
  • Rysseviktua (ny)
  • Røddalshornet (ny)
  • Sandvikhornet (ny)
  • Skagetåa (ny)
  • Vasseidet på Remøy (ny)
  • Øyrahornet (ny)