Kva skal seksjonane i bu- og habiliteringsavdelinga heite? Det var spørsmålet då avdelinga nyleg lyste ut ein namnekonkurranse blant alle tilsette i kommunen.
Avdelinga trong nye namn på seksjonane av to grunnar: For det første har avdelinga auka frå to til tre seksjonar. For det andre kunne dei gamle seksjonsnamna A og B forvekslast med avdelingsnamna A og B ved Myrvåg omsorgssenter.
Blant dei som sende inn namneforslag, går Oddny Greidung av med sigeren. Som takk for ideen til namna seksjon lunde, seksjon båre og seksjon gneis får ho ei fin sementskål frå Herøy produksjon.
Frå venstre: leiar Hildegunn Svastuen i seksjon lunde, miljøterapeut og vinnar av namnekonkurransen Oddny Greidung, leiar Beate Lyshagen i seksjon gneis
Rose-Marie Kvalsund
Dei tre namna
Seksjonane i bu- og habiliteringsavdelinga får namn som er nært knytte til Herøy:
- Lunde er fuglearten som fuglefjellet på Runde er spesielt kjent for.
- Båre, eit anna ord for bølge, har vi mykje av, og ordet har vore mykje brukt her.
- Gneis er ein vanleg bergart i Herøy.
Dei tre seksjonane
Bu- og habiliteringsavdelinga yter tenester til menneske med særskilde behov på fleire livsområde.
Seksjon lunde
- består av ein bustad for vaksne (Toftestøvegen) og eit avlastingstilbod for barn og unge
- er leia av Hildegunn Svastuen
Seksjon båre
- består av to bustadar for vaksne (Nestunet og Solheim)
- er leia av Lene Muren
Seksjon gneis
- består av dagtilbodet Herøy produksjon, tilbod til heimebuande og bustadane Toftetunet og Myklebusttunet
- er leia av Beate Lyshagen