Pårørandeskule under planlegging
Denne veka starta planlegginga av årets pårørandeskule. Pårørandeskule er eit undervisningstilbod til deg som har omsorg for, eller har ein nær ven, med demenssjukdom.
Frå venstre Sissel Reite, Gry Dragsund-Vike, Maria Lewell, Monika Sande og Janne Smoge Sævik
Helse og omsorg
Oppstart blir 9. september med 4 samlingar på 3 timar ( klokka 18:00-21:00).
Vi vil møtast på Blåtunet dagsenter, på Eggesbønes. Det blir undervisning, samtale, grupper, mat og kaffi.
Det vil kome meir info i august, med påmeldingsfrist.
Publisert 09.05.2025 14:07
Sist endra 09.05.2025 14:08