Svein Arne Orvik
På dagtid vil tunnelen vere open for trafikk, men mellom klokka 20.00 og 06.00 vil han vere stengt.
Det vert kolonnekøyring på desse faste tidspunkta:
- klokka 20.30: Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 21.00: Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 21.30: Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 23.00: Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 00.30: Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 04.45: Haddal–Eiksund–Haddal
Du kan ikkje nytte Selvågvegen som gjennomkøyringsveg.
Køyring til legevakt
På kveld, natt og helg er legevakta for Herøy plassert i Hovdebygda (Ørsta). Det gjeld i anleggsperioden akkurat som elles i året.
Om du har behov for å kome deg til legevakt, må du som vanleg ringe legevakta på 116 117 først. Legevakta vil vurdere kor mykje det hastar. Dersom legevakta vurderer det som naudsynt at du får køyre gjennom tunnelen utanom kolonnetidene, vil dei syte for det.
Så gjer som vanleg: Ring legevakta dersom du treng legehjelp.