Søndag: Open brannstasjon med brannbamsen Bjørnis!

Velkomen til open dag på brannstasjonen på Eggesbønes frå klokka 13 til 16 søndag 24. september.

brannfolk og barn med brannbjørnen Bjørnis - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning

Då opnar Fosnavåg brannstasjon portane for store og små besøkande. Adressa er Sjukeheimsvegen 12.

På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. I år er vi så heldige å få besøk av brannbamsen Bjørnis.  Det vert rebusløp, teiknebord, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og moglegheit å få site i ein brannbil, seier Lene Utseth, førebyggande i Herøy brann og redning. 

Alle borna som deltek og fullfører rebusløpet, er med i trekkinga av ein flott premie.

Fosnot tilbyr gratis kontroll av brannsløkkjarar. Det vert servert bollar og saft. Vi håper mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Utseth. 

Ladevett og branntryggleik

Over heile landet arrangerer kommunane open brannstasjon denne veka, som er den nasjonale brannvernveka.

– Open brannstasjon har vorte ein fantastisk fin tradisjon. Dette er ein viktig arena for å gje nyttig informasjon om brannførebygging, seier Frank Steinsvik, leiar for beredskap og brannførebygging Herøy brann og redning

Tidspunktet for brannvernveka er ikkje tilfeldig: Hausten markerer inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar. Grunnen er at vi nyttar meir straum og levande lys.

Hovudfokuset for brannvernveka i år er ladevett og generell branntryggleik i heimen.

Øv for å vere førebudd

Dei fleste farlige brannar oppstår i heimen. Det er viktig å vite kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann i heimen.

Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva ein skal gjere om ulykka fyrst er ute.

– Vi oppmodar alle til å nytte brannvernveka til å prate om, og øve på, kva ein skal gjere om det startar å brenne i bustaden. Det treng ikkje vere meir komplisert enn at de avtalar ein møteplass og kven som skal gjere kva. All erfaring syner at dei som har øva og er førebudd på ei dramatiske hending også handtera det best, fortel beredskapsleiar Frank Steinsvik. 

Tips til brannøving heime

Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel startar å brenne:

  • Ta en prat med heile familien, for eksempel ved middagsbordet, om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Prat om kva ein skal gjere om det likevel startar å brenne, kva om det startar å brenne medan ein søk? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenarier. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små born, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva born og snakk med borna om at dei ikkje må gøyme seg
  • Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, for eksempel postkassa eller søppeldunken.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer for eksempel alle å kome seg ned brannstigen.
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kor brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis du nyttar det og sjekk at det ikkje er gått ut på dat.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdaga de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justere planar og rette eventuelle feil.

Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.