Vi sender snart ut faktura for avlaup og slam
Den første fakturaen kjem i slutten av januar med forfall 20. februar. I løpet av året blir momsen på vatn og avlaup redusert frå 25 til 15 prosent.
Herøy kommune
I år blir dei kommunale gebyra i Herøy fordelte over fire terminar. Det kjem altså faktura fire gongar.
Stortinget har vedtatt at momsen (meirverdiavgifta) på vass- og avlaupsgebyr skal reduserast frå 25 prosent til 15 prosent i løpet av året.
Staten har enno ikkje bestemt kva dato momsen skal settast ned. Det skal skje samtidig i alle kommunane.
Momsnedgangen vil altså ikkje gjelde for den første fakturaen i Herøy i år.
Publisert 24.01.2025 14:31
Sist endra 24.01.2025 14:31