Velkomen til nytt vaksinasjonsprogram for vaksneDet er snart tid for influensa, korona –og pneumokokkvaksinasjon. Nytt av året er at vaksinene er innlemma i eit nasjonalt vaksenvaksinasjonsprogram, oppretta av FHI. Helsesjukepleiarane ønsker deg velkomen til vaksenvaksinasjon. Mari Paulsen Dalsbø Målet med vaksenvaksinasjonsprogrammet er å forebygge alvorleg sjukdom og sjukefråvær. Det er inga påmelding, alle over 65 år og dei som er i risikogruppene kan møte!Tid og stadHerøy kulturhus, Lisjebøvegen 10 ATirsdag 21.10.2025 klokka 11.00-17.00Torsdag 30.10.2025 klokka 11.00-17.00 Prisar Vaksiner og prisarType vaksinePrisInfluensavaksine300 kronerKoronavaksine100 kronerPneumokokkvaksine (Varer 6 år)400 kronerPneumokokkvaksine (Livsvarig)900 kronerPneumokokkvaksine (Livsvarig) for dei født i 1960 i vaksen-vaksinasjonsprogrammet100 kroner Kven bør ta influensavaksine?Under kan du lese meir om kva grupper som har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og som difor blir tilrådde å ta influensavaksine:Les meir om kven som bør ta influensavaksine herKven bør ta koronavaksine ?Merk at målgruppa for koronavaksine er frå i år flytta frå 65 til 75 år, utanom dei som er i risikogrupper.Merk at gravide ikkje lenger er i målgruppa, dersom dei ikkje har underliggande sjukdomar. Les meir om kven som bør ta koronavaksine herKven bør ta Pneumokokkvaksine ?Merk at dei som er fødde i 1960 i år får tilbod om ei eiga Pneumokokkvaksine til ein redusert pris, denne varer livet ut. Les meir om kven som bør ta Pneumokokkvaksine her Er du i tvil om du bør ta vaksinene, ta kontakt med fastlegen din. Publisert 10.10.2025 13:38 Sist endra 10.10.2025 13:38