Tradisjonelt handverk
Hovudoppgåva for dagen var stell av tauverk, og elevane fekk lære korleis tau skal handsamast for å bevare dei lengst mogleg. Tauverket vart smurt med ei tradisjonell blanding av lyse og milebrend tjøre – ei oppskrift som har vore brukt i lange tider langs kysten. Den karakteristiske lukta av tjøre låg over tunet og gav ei autentisk oppleving av forvalting av kystkulturhistorie i praksis.
Med kyndig rettleiing frå Hans Lennart Sævik gjekk elevane i gong med arbeidet, og før dagen var omme var alt tauverket ferdig behandla!
Dersom du vil lese meir om milebrendt tjøre og fiskeolje så finn du ei lenkje til store norske leksikon nederst i artikkelen. Der finn du og ei lenkje til ein artikkel om miler i myr som var svært utbreitt i midtnorge. Kanskje har det vore gjort slik på våre kantar og?
Bevaring gjennom bruk
Båtar, og trebåtar spesielt, toler ikkje lange periodar utan vedlikehald og aktiv bruk. Dersom dei vert ståande for lenge utan pleie, tørkar materiala ut, borda kan slå seg, og viktige delar kan ta skade. Resultatet kan vere at båten til slutt ikkje er mogleg å setje i stand att på ein trygg eller økonomisk forsvarleg måte.
Difor er det avgjerande at både unge og eldre får innsikt i, og høve til å ta del i, det praktiske arbeidet som held båtane levande, arbeid som nettopp dette elevbesøket er ein viktig del av.
Helledrivarar og god stemning
Berit Klepp, kjend frå mellom anna mange år på kostymeloftet for Herøyspelet, kom eins ærend frå Ørsta og steikte helledrivarar til alle. Helledrivarar er ein tradisjonell vestlandsbakst, som verkeleg fekk bein å gå på. Den ferske baksten vart servert rett frå steiketakka og vi fekk oss ei fin pause i arbeidet. Tusen takk, Berit.
Ein dag som knyter saman fortid og framtid
Vi set stor pris på slike besøk, og ser fram til å ta imot fleire elevar, lærarar og interesserte gjester i framtida. Slike møtepunkt bidreg til å halde kystkulturen levande samstundes som dei gir komande generasjonar eit viktig innblikk i dei handverka og verdiane som har forma kystsamfunnet vårt.
Følg gjerne med
Jekta og Herøy gard har sine eigne facebook- og instagramsider, og dersom du har lyst til å fylgje med på kva som skjer så er det lurt om du liker og fylgjer sidene så vi kan halde deg oppdatert. Det neste som skjer no er smøring av mast og montering av riggen!
Du er hjarteleg velkomen
Dersom du har lyst til å vere med i det frivillige arbeidet innan forvalting av vår felles kulturarv, er du hjarteleg velkomen til å melde deg inn i Herøy gards venneforeining. Dette er ein sosial møteplass, der ein kan verte kjend med andre og får eit unikt fritidstilbod som viser igjen i kommune både no og for ettertida.
Lenkjer
Lese om tjøremile på snl.no
Les ekstern artikkel om tjøreproduksjon i myrmiler