Stikk UT! på Herøy gard - ein tur for alle
Stikk UT! er landets største turtrim som kvart år engasjerer titusenvis av menneske til å besøke ulike turmål. Turmålet Herøy gard er lett tilgjengeleg for små og store i alle aldrar, og kan kombinerast med fine naturopplevingar og besøk på Herøy kystmuseum!
Ei vandring over Herøya byr på mange idylliske opplevingar.
Eileen Gjerde
Ved å delta på Stikk UT! håpar vi at alle kan finne sine turperler. I år er det friluftslivets år og dette er eit fint høve til å ta Stikk UT!-turar nær der du bor, eller å oppdage nye turmål andre stadar på Sunnmøre. Kanskje kan du ta med god mat og drikke og invitere med ein ven, nabo eller kollega på tur?
Ved å klikke på denne lenken kjem du til Stikk UT! sitt digitale kart med oversikt over alle turar og nærare informasjon om sjølve turen, kvar du kan parkere, stigning, kor lang tid du må berekne osb.
Du kan registrere turane dine i Stikk UT!-appen i perioden 1. mai til 31. oktober, og ved å følge denne lenken kan du lese meir om Stikk UT!
God tur!