Tidebøner på Herøy gamle kyrkjestad i sommar
Kyrkja i Herøy byd inn til tidebøner for pilegrimar og andre interesserte på Herøy gard også denne sommaren. Samlingane er kvar onsdag på den gamle kyrkjestaden.
Eileen Gjerde
Tidebøna er ei kort andaktstund der deltakarane fylgjer den lokale pilegrimsliturgien som er utforma for nøkkelstad Herøy i Kystpilegrimsleia. Tidebøna varer frå kl. 15.30, tek om lag 20 minutt, og vert halden ved altaret på den gamle kyrkjestaden. Dersom det vert for mykje vind eller regn til å vere ute, flyttar vi den inn i steinhuset (bak hovudhuset).
Vi anbefalar også å gå langs den vakre pilegrimsstien i utmarka når du elles vitjar øya.
Du kan lese meir om arrangementa ved å følge lenken til vår Facebookside.
Alle er hjarteleg velkomen til å delta på tidebønene i sommar!