Vil du vere med å gi Herøy gard ein klem?

Herøy kystmuseum er meir enn ein historisk stad – det er ein møteplass der vi kan skape fine opplevingar saman. Her finn vi ei eiga ro, anten vi går aleine på tur mot Klosterhaugen, sit med kaffikoppen saman med gode vener i tunet eller når vi reiser tilbake i tid ute på spelplassen under det årlege historiske spelet Kongens Ring.

Herøy gards venner har som oppgåve å gi praktisk og økonomisk støtte i arbeidet med å drifte og utvikle Herøy gard. Målet er å gjere garden til eit føretrekt reisemål for opplevingar knytt til historie, kultur, natur og rekreasjon – for både fastbuande og tilreisande. Vi kjenner på eit stort engasjement for å ta vare på garden og det vakre området- og det har vi lyst å invitere fleire til å vere med på!

Ver med og løft Herøy gard vidare saman med oss. Her er det plass til alle!

  • Støttemedlem – Bidra med årskontingent
  • Aktiv medlem – Bli med på dugnad, arrangement eller enkle oppgåver.
  • Sosial støttespelar – Kom innom, del ein kaffikopp og ein prat – det betyr mykje!
  • Råd og dåd – Del idear, kunnskap eller nettverk.
  • To timar eller tjue timar – du bestemmer sjølv. Det viktigaste er at du vil vere saman med oss!

 

Bli med i veneforeininga – og ver med på å ta vare på og utvikle ei heilt spesiell kulturperle vidare!

For å melde deg inn følg denne lenka eller scan QR-koda under:

QR-kode for innmelding i venneforening - Klikk for stort bilete