Dette tilbyr vi brukarane

Vi jobbar slik at alle på bedrifta skal halde ved like og utvikle si funksjonsevne. Dei skal ha ein normal og meiningsfull kvardag, og oppleve tryggleik, trivsel, meistring og sosial tilhørigheit.

Vi tilbyr variert og tilrettelagt arbeid til personer med ulike funksjonsvanskar. Vår målgruppe er personar over 18 år som er busett i Herøy kommune.

Vi tilbyr tilpassa arbeid med trygge og forutsigbare arbeidsoppgåver til den enkelte brukar. Vi legg vekt på individuelle ressurar og meistring. Individuelt tilpassa arbeidsoppgåver. Vi har stort fokus på trivsel og ein meiningsfull og kjekk arbeidsdag.