Markering av verdensdagen for psykisk helse

Markering av verdensdagen for psykisk helse

Mandag markerte vi i Leikanger barnehage verdensdagen for psykisk helse som var 10.oktober. Men heldigvis er det rom for å markere dette viktige temaet ut denne veka. 

Foreldre som leverte vart møtt med levande lys, ein god kopp kaffi, noko godt å bite i, og så fekk dei ta med seg eit hjerte med nokre fine og oppmuntrande ord på vegen. Barna har klipt ut hjerta, dei minste har trykt fingeren sin på nokre, så alle hadde sitt særpreg, og vi vaksne skreiv på. Ein fin aktivitet å gjere saman. Det var mange som vart både overraska og glade for dette ein tidleg måndag morgon. Tenk at nokon såg akkurat meg idag og gav meg ein fin start på dagen.