I år vert det ein annan markering av 17. mai sidan vi ikkje kan vere samla til fest og feiring med barnetog, masse is, leik og moro. Men vi i Leikanger barnehage har likevel vektlagd å snakke om kva 17. mai er for noko, kvifor vi feirar. Og så har vi hatt ulike formingsaktivitetar knytt til dette. Og i dag gjekk vi i tog med rosarussane fremst, russerop og flagg. Litt leikar etterpå og så avsluttar vi med raud gele og vaniljesaus. Vi ynskjer alle ei fin markering av grunnlovsdagen vår.

 Det var mange glade born og vaksne som kunne kome tilbake til barnehagen måndag 20 april. Det var mykje som var litt forandra etter å ha vore heime så lenge, og mange spørsmål som ein vil ha svar på. Men det er kloke og fornuftige born, som kan og veit mykje om dette med korona, kor viktig handvask er, og at vi ikkje kan vere like nær kvarandre no som før. Men ein klem og trøyst kan ein få når ein treng det, vi gjer det berre litt annleis :) Vi har vore kjempeheldige med veret og hatt flotte dagar ute, både i barnehageområdet og på mange turar. Og som førskulegruppa har måla, ja så skal ALT BLI BRA.

 Idag har vi laga til ein kjekk overraskelse til alle borna våre. 

 To små vener, som oppdagar nye ting. "Vere saman" og alt det står for betyr så mykje, for både liten og stor. Og i desse dagane vi er i no har det nok ei enda større betydning.

 "Ulike saman", men vi forstår kvarandre likevel.

Barnehagedagen 10 mars 2020, vart markert i barnehagen vår med mykje kjekke aktivitetar, gode og undrande samtaler og refleksjonar. 

 Fredag 14 februar var det karneval i barnehagen vår. Festen starta med ansiktsmaling til den som ville det, og det var mange spente og forventningsfulle born som gjerne ville verte måla. Her var både tiger, einhjørning, politi, baby, katt, sau, fe og mykje anna flotte utkledde born og vaksne. Vi hadde samlingstund med "Plass bak på kosten", karnevalsongar og dans, vi prøvde fiskelykka der alle fekk fangst, og åt pølser med spaghettitrådar i....korleis har spaghetti klart å kome inn i pølsene skal tru ? Etter å ha "mjølka ku", kasta våte svampar på Oddhild, ete seigemenn uten å bruke hendene, og mykje andre kjekke aktivitetar var det ut ein tur å leike i snøven, og kanskje kjøle seg ned litt :) På ettermiddagen fekk alle mykje god frukt å kose seg med og vi såg litt film om Knerten. Ein kjempefin karnevalfest i Leikanger Barnehage. 

 Vi i Leikanger barnehage er så heldige å få ha Mathilde Jøsokbakke, som går Vg2, barn og ungdom ved Herøy Vidaregåande skule. med oss no i praksis. I denne praksisperioda skal ho verte kjend med både borna og oss vaksne, ho skal observere, delta i det daglige opplegget i barnehagen, og ha ulike aktivitetar med borna. Ho har allereide start med lesetund, noko borna synest er veldig kjekt, og som også stimulerar til språk og fantasi.

 

 Slik ser skiltet som står ved vegen opp til den fine gapahuken vår ut etter at nokon har funne ut at det er sikkert tøft å gjere slik mot det andre har glede av.