Nytt og flott kjøkken til barnehagen vår.

Nytt og flott kjøkken til barnehagen vår.

Stor takk til Henrik Goksøyr og Øyvind Havåg for mykje godt arbeid med det nye kjøkkenet vårt. Sjølvsagt må dei då på blomster frå barnehagen. Dette vart overrekka dei på foreldremøte i barnehagen i haust.

I sommar var to ivrige karar i full sving med å ordne til eit nytt og mykje meir funksjonelt kjøkken, som stod klart når vi starta på etter ferien. Det er FAU som har vore pådrivar for at vi skulle få eit kjøkken som var meir nyttig med tanke på arbeidsplass og lagring, og dette set vi stor pris på. Kjøkkenet til barnehagen var gammalt og ikkje noko praktisk, så ei stor takk til FAU som engasjerte seg i dette, og særleg til Henrik Goksøyr og Øyvind Havåg som fekk skaffa tak i ei fint brukt kjøkkeninnredning som etter nokre strøk med maling ser nesten heilt ny ut. Øyving kom med dei gode praktiske løysingane og med nye benkeplater og godt med arbeidsplass har vi fått eit kjøkken vi kan ha stor glede av, og ikkje minst har vi fått arbeidsplass både for små og store hjelparar til å lage og servere mykje god  mat.

Henrik Goksøyr, og Lene Havåg som tok imot blomster på vegne av Øyvind. Oddhild Dybvik Aas