Avdelingane

Avdelingane

Barnehagen er i utgangspunktet einavdelings barnehage. Men vi ser at ved å dele barnegruppa kan ein betre tilpasse innhaldet gjennom dagen etter alder og utvikling til barna. Derfor laga vi oss to avdelingar for nokre år tilbake og gav dei namna Rødhette og Bukkane Bruse.

Bukkane Bruse

Bukkane Bruse er avdelinga for dei yngste barna. Her varierar det kor mage barn som er her utifrå søkjartalet, men dei siste åra har det vore mellom 8-11 barn og dei har 3-4 vaksne saman med seg. Utifrå alder på barna deler vi denne gruppa i to, slik at dei eldste får aktivitetar og innhald tilrettelagd for seg og dei yngste for seg. Då er dei yngste ute på formiddagen til leik og motorisk aktivitet, og dei som er eldst er inne og har tilrettelagde aktivitetar der. Alle et lunsj saman og så er det sovetid for dei som skal det, og dei andre går ut. Alle barna som skal sove gjer dette i vognene sine ute.

Rødhette

Dette er avdelinga for dei større barna. Her er det rundt 12-14 barn på det jamne, og nokre år flyttar vi dei eldste frå Bukkane Bruse og inn her på tidleg på ny året. Dette utifrå kva ein ser som passar best. Dette er også kjekt mtp sysken som får vere saman. Dei yngste får noko å strekkje seg etter ved å lære av dei som er større, og dei store vert ofte opptekne av å hjelpe dei og viser god omsorg.

På Rødhette er det og deling av gruppa slik at ein tilpassar betre utifrå barna sitt behov. Då samarbeidar dei som er på avdelinga om korleis dei legg opp ute/innetid og bruk av ulike rom. 

 

BILDER INN HER