Om oss

Leikanger barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Leikong og som held til i underetasjen til Leikanger grendahus. Vi er ikkje så lett synlege, men du finn oss fort om du går inn på uteområdet til barnehagen og skulen.

Barnehagen, skulen og grendahuset held til i same bygningane og vi deler leikeplass med skulen. Dette gjer at vi har eit godt samarbeid med skulen og det fører til at overgangen mellom barnehage og skule vert enklare og borna får ein god skulestart.

Barnehagen har 30 plassar fordelt på born i alderen 0 – 6 år.

Vi har 3 pedagogar, ein fagarbeidar og ein assistent på jobb kvar dag og vi har god plass slik at vi kan dele barnegruppa. På den måten får vi god tid til kvar einskild og vi vil at dagane skal vere prega av inkludering, omsorg, oppseding, leik og læring.

Vi ynskjer at det i Leikanger barnehage skal vere rom for alle uansett bakgrunn og føresetnader og at borna skal oppleve glede, samhald og vennskap med andre born. Dei skal også oppleve tryggleik og omsorg frå autoritative vaksne som ser dei og handsamar dei med respekt.