Måltid i barnehagen

Måltid i barnehagen

I rammeplanen for barnehagar, kan vi lese om mat og måltid under fagområde «kropp, rørsle, mat og helse.»  Der står det: «Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur. Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggjande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.»

Der står vidare at personalet skal:

  • Bidra til at barna kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile.
  • Leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltisdglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna.

I tillegg er retningslinjer frå Helsedirektoratet for mat og måltid i barnehagen eit viktig dokument vi fyljer. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/mat-og-maltider-i-barnehagen

Alle førsette betalar kostpengar ilag med barnehageplassen til barnet sitt. Av desse pengane serverer vi frukost, lunsj og eit ettermiddagsmåltid.

Sunn kvardagsmat blir servert kvar dag. Det er grove brødskiver, knekkebrød og kavring med ulikt pålegg. Lettmelk med D-vitamin eller vatn får barna til drikke.

Youghurt med havregryn og fruktbiter får barna ein gong i veka, og elles får dei mykje frukt ilag med ettermiddagsmåltidet. Vi bruker også servere banan eller eplepannekaker til ettermiddagsmat.

Varm mat lagar vi fast 2-3 gongar i månaden, men vi får det oftast til ein gong kvar veke. Vi har også bakedag 2-3 gongar i månaden. Vi har ei barnegruppe som er svært glade i havremjøl/havregrynsgraut, og dette serverar vi ofte både som lunsj eller ettermiddagsmat. Til bursdagmat får barna velge mellom frukt og grønsakfat, smoothie/smoothieis eller grove vafler. Vi har ein perm med bilete av dei ulike rettane dei kan velje ifrå.