Månelanding i Myrsnipa

Månelanding i Myrsnipa

 Borna på Røsslyng syns det er spennande med verdensrommet.

Barna som går på avdeling Røsslyng i Myrsnipa barnehage syng stolt på planetsongen, og kan fortelje litt av kvart om dei åtte planetane. Visste du at planeten Merkur ligg nærmast sola, at Venus er ein steinplanet og at Jorda har berre ein måne?

Gjennom temasamlingar har barna fått høyre om desse ulike planetane, saman har vi undra oss, sett på bilder og filmar frå verdsromet. På hobbyromet lagar barna si eiga planet kasse, av sko eske og isopor kuler i ulike størrelsar. Rundt formingsbordet har planeten sin farge vorte diskutert, der jorda fekk blå og grøn farge mens den vesle planeten Merkur måtte ta fargen grå sidan den var ein steinplanet. Vidare kan barna også fortelje at på planeten vår jorda kan ein finne både vatn, hus og gras, og at der kan også  vere litt kaldt.  Fjell og vulkan kan ein sjå på jorda saman med ku og båt

Ei heimesnekra månerakett har også  landa på avdelinga, og  med fløyels blå himmel, planetar, kometar og sjølvlysande stjerner i taket vert barnehagen sitt rom det flottaste verdsrom ein kan tenkje seg.