Myrsnipa barnehage takkar foreldrerådsstyret for leikebuss

Myrsnipa barnehage takkar foreldrerådsstyret for leikebuss

Den nye leikebussen kom til Myrsnipa fredag. Barn og tilsette takkar foreldrerådsstyret for gåva!

to menn monterer ein leikebuss - Klikk for stort bilete Reidun Myrvågnes

Bussen vart bygd i garasjen til morfar Rolf Arne Ramstad. Med seg i bygginga hadde han morfar Aksel Lervik, pappa Tord Endresen og pappa Torgeir Brandal. Farsdagen var visst den beste arbeidsdagen.

Barnehagen fekk bussen på plass ved hjelp av kranbil, og det var stor stas i barnehagen då bussen «kom flygande» ned på leikeplassen. 

Foreldrerådsstyret takka alle byggherrane med blome, og dei fekk kvart sitt kort frå borna.