Nytt barnehage år er i gang.

Nytt barnehage år er i gang.

Det er kjekt å kome saman att etter sommarferien, og vi ser kor glade born og tilsette er for å sjå kvarandre. Mange klemmar er gitt og fått desse dagane. 

2 av dei sit på golvet, og ein hjelper med mat - Klikk for stort bileteTord, Stian og Gullik er med borna sine i barnehagen Myrsnipa barnehage

Idag skal fedrene få litt ekstra merksem!

Nokre born skal skifte avdeling frå Blåklokka til enten Røsslyng eller Kvitveis, og det er spennande. Godt for barn og tilsette at dei føresette tek seg litt ekstra tid desse første dagane. Og så er avstanden kort inn for å besøkje Blåklokka igjen om barnet treng det. Rammeplanen vår seier noko om kor viktige desse overgangane er, og vi tilsette skal få praksisen vår til å spegle Rammeplanen.

Så har vi seks heilt nye born som er starta på Blåklokka denne veka. Dei starta måndag med eit kort besøk, og så blir dei her litt lengre for kvar dag. Tolmodige føresette som forstår viktigheita av ein trygg oppstart, har alt å seie for barnet. Mor og far byttar på å vere til stades for barnet, men i dag hadde vi eit reint fedre-møte på Blåklokka. Det var ekstra stas, synes styrar, som måtte knipse dei.

Praten gjekk godt mellom fedrene medan borna leika seg med dei tilsette og utforska avdelinga. Barnet går tilbake til pappaen for ein kos når det treng det, og det å høyre stemma hans er også trygt og godt. Jmf. tryggleikssirkelen.

Styrar ønskjer alle i Myrsnipa eit godt barnehageår