Ferie

Ferie

Alle barn skal ha minimum 3 veker samanhengande ferie, jamfør vedtektene. Dei tilsette har rett å vite sin ferie 01.05, og styrar lagar ferieplan ut frå både føresette og tilsette sine ynskjer.

Sommarferie

I Myrsnipa barnehage har vi ope heile sommarferien. Styrar sender ut melding til alle føresette i mars/april, der dei må melde inn sin ferie. Etter vedtektene våre, må vi ha minimum 5 barn kvar dag for å halde ope. Det brukar vi å ha.

Dei borna som skal starte på skule eller slutte i vår barnehage, må vere ferdig med sin ferie innan nytt barnehageår startar. Nytt barnehageår startar alltid i veke 32.

Barnehagen skal vaskast ned i sommarferien, og det blir dei vekene her er færrast barn. Vi slår saman avdelingane, og har litt annleis dagar.

Føresette betalar barnehageplass for 11 månadar, og juli månad er fri betaling.

Påskeferie

Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen alltid stengt, jamfør vedtektene. Måndag og tysdag forut, brukar styrar å spørje alle føresette kva behov dei har for barnehageplass. Dette gjer styrar for å kunne planlegge drifta på ein god måte.