Tilvenning

Tilvenning

Barnehageopptaket blir klart midt i mars månad kvart år.
Barnehagen inviterer til ein besøksdag for dei nye som skal starte opp, tidleg i juni.

Då får de møte dei pedagogiske leiarane som skal vere på avdelinga til barnet ditt, og de får sjå og helse på dei andre nye føresette også. Alle får litt tid til å sjå seg rundt, leike litt og stille spørsmål. Då lagar de også avtalar med personalet for oppstarten til hausten.

Det er viktig å sette av tid til barnet og barnehagen dei første vekene på hausten. Ingen barn er like, og vi må i samråd sjå korleis ditt barn venner seg til alt det nye. Derfor kan vi ikkje seie eksakt kor lang tid den enkelte kjem til å bruke. Vi set barnet i sentrum, og ser kva behov det har. De som føresette er svært viktige, de kjenner barnet best!