Avdelingane

Avdelingane

Vi har 3 avdelingar i Myrsnipa barnehage. Det er Blåklokka, Røsslyng og Kvitveis. Det er søknadane om barnehageplass som avgjer korleis vi deler inn barnegruppene. I tillegg ønskjer vi færrast bytte mellom avdelingane for borna. Dette betyr at nokre år er førskuleborna på Røsslyng, og nokre år er dei på Kvitveis.

Blåklokka

Blåklokka er avdelinga for dei aller yngste borna, med blå inngangsdør. 12 barn og 4 tilsette er der vanlegvis, men vi kan også vere opp i 15 barn og 5 vaksne. Det handlar noko om kor mange som søkjer hjå oss. I år har Blåklokka også lærling. På Blåklokka er borna ute før lunsj, og så har dei sovetid etter lunsj. Alle søv ute i vognene sine.

Røsslyng

Røsslyng er avdelinga i midten, med lilla inngangsdør. Der er 18 barn mellom 2 og 4 år, og der er 4 tilsette i år. Dei eldste 2-åringane fekk flytte over i haust, p.g.a. stor søknad til barnehagen. Dei har mykje gruppedeling, og deler seg i ute- og inne[1]grupper. Dette gir betre rom for inkluderande og kjekke leik.

Kvitveis

Kvitveis er avdelinga med kvit inngangsdør. Der er 23 barn på 4 år og 5 år, og 4 tilsette. Leikearealet er størst på Kvitveis, så derfor er barnegruppa størst her. Kvitveis deler også i mindre grupper, og har inne- og ute-grupper. Dette gir betre rom for inkluderande og kjekke leik.