Verdigrunnlaget vårt

Verdigrunnlaget vårt

Alle barnehagane i Herøy er Vere Saman-barnehagar. Myrsnipa barnehage var først ut med denne satsinga, og vi har hengt opp skilt på barnehagen som viser at vi er Løvebarnehage. Det er vi stolte av!

Vere Saman er bygd opp av ein etikk ovanifrå (Løvelova) og ein etikk nedanifrå ( alle små og store hendingar gjennom dagen). Det handlar om mange små situasjonar kvar dag der vi må velje mellom rett og gale.

Regnbogeløva er verdiformidlaren i Være Saman, og den som inspirerer barna til å følgje Løvelova:

 Verdiane er samla i Løvelova:

 Kan du løvelova?                           Ser du ein blir plaga?  

Eg skal vere meg,                              Det er ikkje bra!
men gje plass til andre,                    Alle må stå saman
lik at dei blir seg,                               om å sei i fra!
bry meg om ein annan,                    Alle barn på jorda
hjelpe når eg kan.                             Har den same rett
Slik blir livet betre                             til å vere trygge
for barn i alle land                            og til å vere sett.

 

Første verset i Løvelova handlar om barnet sin sjølvrespekt, og at barnet må forstå at den andre har same rett til å vere seg. Etikken kjem frå ei gjensidig forplikting, og barnet si vesle handling har stor tyding.

Det andre verset legg vekt på barnet sitt ansvar for andre, barnet sine rettigheiter og det medverkande barnet.

Vere Saman stimulerer til refleksjon og har ei filosofisk innstilling til tema som blir teke opp, slik at gode haldningar blir utvikla hos både vaksne og barn. «Løvelova» gir ei tydeleg og forpliktande ramme for korleis barn og vaksne skal ha det saman.

 Dei tilsette rettleiar barnet i situasjonen, og er medvandrar som den varme relasjonelle autoritative vaksne. Den autoriatative vaksenstilen har ein positiv verknad på barn si utvikling når det gjeld sjølvstende, prestasjonsmotivasjon, prososial åtferd, sjølvregulering, vennlegheit, og sosial sjølvtillit. Dette er viktige faktorar i barn og unge si livsmeistring.