Førskulegruppe / Rosaruss

Førskulegruppe / Rosaruss

Siste året i barnehagen før skulestart, prøver vi å lage litt spesiell for borna. Borna har gått i barnehagen i fleire år, og treng meir inspirasjon og utfordring i kvardagen.

Ein dag i veke set vi av til «Førskule». Då øver dei på å lytte, vente på tur, rekke opp handa, før mattematiske øvingar og ord og omgrep. Alt i ei fin ramme der barnehageverdiane våre får lyse gjennom. Kvart barn får sin eigen perm, og kvar gong gjer dei ei lita oppgåve i permen. Så øver og leikar dei seg gjennom andre oppgåver.

Bading på Badeland i Fosnavåg startar tidleg på hausten, og vi får kome 1-2 gongar per månad frå august til mai. Der brukar vi profesjonelle badeinstruktørar, og vi er med og hjelper til. Vi leiger inn buss, og vi er også av og til innom biblioteket. Badinga og bussen er gratis. Vi har søkt og fått midlar frå Statsforvaltaren.

Rosaruss får dei bli her i Myrsnipa. Russedåpen er i slutten av april. Dei får russegenser med namn på ryggen, russehue og ei russefløyte som dei får lov å blåse i når dei er ute.


Russereglar:                                                                                         

  1. Rydde inn i skuret 20 ting på ein dag                             = sløyfe
  2. Kle på seg alle ytterkleda på 5 min                                 = stoffbit
  3. Ete ein is på 3 min                                                           = ispinne
  4. Drikke ein heil kopp med vatn på 1 min med sugerør    = sugerør
  5. Få ein ballong til å sprekke                                              = ballong
  6. Hoppe på trampoline, og seie russeropet                       = piperensa
  7. Krype frå Kvitveis til Blåklokka og tilbake igjen               = plaster

    Kjeldsundturen                                                                = trepinne
    Overnatting i barnehagen                                               = tannkost
    Rosarussetur                                                                    = plastdyr

Russerop: 

Myrsnipa barnehage
Show, show, show
Rosaruss, rosaruss
bow, bow, bow
Myrsnipa, Rosaruss
jazz, bom, bø                                  
Sølekake, sølekake
laga vi sjølv