Har du røysterett? Og står du i Herøy-manntalet?

Har du røysterett? Og står du i Herøy-manntalet?

For å delta i valet må du ha røysterett og stå i manntalet i ein kommune. Du kan sjekke om du står i manntalet i Herøy.

hyller med røystesetlar - Klikk for stort bilete Tore Fjeld / Kommunal- og distriktsdepartementet

 

Skal du røyste på valdagen 8. september, må du gjere det i den kommunen der du står i manntalet. Du kan førehandsrøyste kor som helst i landet.

 

Kven har røysterett i stortingssvalet?

Du har stemmerett viss du oppfyller desse vilkåra:

  • er norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

 

Kva er manntalet?

Manntallet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla skjeringsdatoen.

Viss du har flytta, og ønsker stemmerett i den nye kommunen, må du derfor melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni.

Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå.

 

Korleis sjekkar du om du står i Herøy-manntalet?

I løpet av juli blir manntalet for Herøy kommune lagt ut til offentleg ettersyn på servicetorget på Herøy rådhus.

Der kan du sjekke om du står i manntalet. Du kan også ringe sentralbordet på nummeret 70 08 13 00 eller sende e-post til postmottak@heroy.kommune.no for å få hjelp til å sjekke manntalet.

Meiner du at du sjølv eller nokon andre urettmessig er blitt førte inn i eller utelate frå manntalet i Herøy? Då kan du krevje at manntalet blir retta. Kravet ditt må vere skriftleg, og du må grunngi det.

Klikk her for å kome til skjemaet der du kan sende inn kravet ditt. Du kan også sende kravet på e-post til postmottak@heroy.kommune.no eller i brev til valstyret i Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg.

 

Les meir om røysterett og manntal.