Røyste på valdagen i Herøy

Røyste på valdagen i Herøy

Sjå kvar du kan røyste i Herøy på valdagen 8. september 2025.

ein kvinne forlet røysteavlukket - Klikk for stort bilete Tore Fjeld / Kommunal- og distriktsdepartementet

På valdagen kan du berre røyste i den kommunen der du står i manntalet.

 

Hugs å ta med legitimasjon.

 

Bergsøy krins

  • Vallokale: Herøy kulturhus 
  • Opningstid: klokka 11.00–20.00

 

Einedalen krins

  • Vallokale: Einedalen skule
  • Opningstid: 11.00–20.00

 

Myrvåg krins

  • Vallokale: Myrvåg forsamlingshus 
  • Opningstid: klokka 11.00–20.00

 

Merk at du kan bruke kva som helst av dei tre vallokala våre, berre du står i manntalet i Herøy.

Her ser du kva område krinsane dekker (PDF, 4 MB). Før valet får du tilsendt informasjon om kva krins du høyrer til.