Herøy er klare til haustens innsamlingsaksjon

Det fyrste komitémøtet hadde vi onsdag 11. juni og  ein engasjert og kvikk gjeng var samla for å planlegge aksjonshelga i oktober. I tillegg til den formidable innsatsen alle barn og unge gjer via skuleløp og anna, ynskjer vi å gjenta suksessen med både sentrumsløp, Fosnavåg i 100/200 og støttekonsert. 

Bak frå venstre: Sølvi Myrhol, Janne Endresen, Gunn-elin Rørvik, Cathrin Hansen, Lee Herskedal, Wenche Moltu. Framme frå venstre: Fatima Myrseth, Lilly Arlen Kvalsund, Ulla Hay, Tine Storøy  og Britt Paulsen  - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Sølvi Myrhol, Janne Endresen, Gunn-elin Rørvik, Cathrin Hansen, Lee Herskedal, Wenche Moltu. Framme frå venstre: Fatima Myrseth, Lilly Arlen Kvalsund, Ulla Hay, Tine Storøy og Britt Paulsen Marit Sævik Leinebø

I år er det Atlas-aliansen som har tv-aksjonen, og fokuset er på å hjelpe funksjonshemma barn i Ukraina, Palestina, Uganda, Etiopia, Zambia, Tanzania og Nepal. 
- Tenk deg at flyalarmen går og alle rundt deg stormar ned til bomberommet medan du vert sitande igjen åleine og redd, tilfluktsrommet er ikkje tilrettelagt for deg og rullestolen din, seier Britt Paulsen.

Menneske med funksjonsnedsettelse er verdas største minoritet. Likevel vert deira rettar ofte gløymde, og mange opplever å verte diskriminerte og utestengde, både i kriser og i daglegliv.
Pengane som vert samla inn, skal gå til å betre levekåra for funksjonshemma og sikre likeverdig tilgang til hjelpemidlar, skulegang, arbeid, helsetenester og nødhjelp for 200 000 menneske. 
Dette er sjølvsagt noko vi i Herøy gjerne vil hjelpe til med, både å få ut informasjon om saka og samle inn så mykje pengar som mogleg. 
Saman skal vi opne dører, for folk som treng hjelp til det!

Vil du vite meir om tv-aksjonen og årets sak kan du kike på denne sida: https://tvaksjonen.no/