Ny app for føresette i barnehage, skule og SFO
Har du barn i skulane eller barnehagane våre? No vil vi kommunisere med deg gjennom tenesta Vigilo.
Adobe Stock
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 10.08.2023 10:12
Sist endra 06.09.2023 10:35
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Frå august 2023 tek vi i bruk Vigilo for å ha digital kontakt med deg som føresett.
Vigilo erstattar tenesta Edlevo. Ranselpost, e-post og SMS brukar vi ikkje lenger.
Du kan bruke Vigilo på to måtar:
- Telefon: Last ned og ta i bruk appen Vigilo.
- PC og nettbrett: Gå til nettlesaren og logg deg inn på www.vigilo.no/heroy med ID-porten.
Klikk her for å lese meir om Vigilo og korleis du kjem i gang.
Har du spørsmål? Ta kontakt direkte med skulen eller barnehagen.
Vi ser fram til å kommunisere godt med deg – både digitalt og ansikt til ansikt!