Silje Ringstad og Anniken Kessler-Myking
Teneste psykisk helse og rus
Desse kursa er ikkje samtaleterapi men gruppetilbod som vil bli heldt på Svingen. Før Svingen er i gong held vi kursa på møterommet ved Legekontoret på Eggesbønes. Begge kursa er over 10 samlingar på 2,5 time, ein gong i veka med eit opphald mellom samling nr 8 og 9. Vi har hatt ei runde med KiD kurs med gode tilbakemeldingar - "Nyttig, lærerikt og kjekt kurs", "Positivt kurs med god fagleg tyngde" er nokre av tilbakemeldingane som blei gitt.
Kva er KiD?
Kurs i meistring av depresjon (KiD) er basert på kognitiv læringsteori og er prøvd ut i eit internasjonalt forskingsprosjekt i Norge, Odin-prosjektet (Rapport 1999:2 frå Folkehelsa), samt i Oslo og i Buskerud. Resultata har vore gode.
KiD er utearbeidet for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimert på en slik måte at det går ut over livskvalitet og funksjonsevne. Målgruppa er menneske med mild/moderat depresjon. Eksklusjonskriterier er suicidalitet/psykose. Kurset kan tilbys som et tiltak aleine eller det kan være et supplement til medikamentell behandling og/eller samtalebehandling.
Utvikling av ein modell for implementering av KiD har føregått i samarbeid med Rådet for Psykisk Helse og Fagakademiet.
Kva er KiB?
KiB er retta mot personar som opplever stor belastning, og som har behov for å utvikle eigen mestringsevne. Eksemplar på dette kan være personar som lever med langvarig belastning knyta til eigen helse/sjukdomsutfordringar, omsorgsoppgåver, utfordringar i mellommenneskelege forhold, familiekonfliktar, økonomiske vanska, livskrise og arbeidsliv.
Kurset er som KiD kurset bygt på kognitiv sosial læringsteori som vektlegg samanhengen mellom eigne tanka, problemforståing og problemløysing. Eit viktig element på kurset er å lære, kjenne igjen og endre tankar som vedlikeheld og forsterkar belastningar og bli bevisst på eigne mestringsstrategiar. Eit anna fokus er å auke aktivitetar, hendingar eller opplevingar som gir eller har gitt glede. Det tredje fokuset er utfordringar med å samhandle med andre menneskjer, og fokus er på korleis ein kan betre evna til å sette grenser for seg sjølv og andre.
Når er det kurs?
KiD kurs planlegg vi å starte i veke 35 og KiB planlegg vi å starte i veke 44.
Ein kan få tilbodet gjennom tenesta om ein allereie er i den, ein kan få tilvising via fastlege, søkje om tenesta psykisk helse og rus eller ta direkte kontakt med tenesta ved seksjonsleiar Silje Ringstad eller fagleiar Anniken Kessler-Myking telefon 47514570. Om ein ynskjer meir informasjon eller har spørsmål er det berre å ta kontakt.