Frå venstre: Kadir Dikbas og Erling Andreas Garshol Kirkenes.
Herøy kommune
Dikbas er midlertidig tilsett med mål om å etablere Småjobbsentralen, som skal ha base ved dagaktivitetstilbodet Svingen. Han vil mellom anna samarbeide med miljøteamet på Herøy ungdomsskule.
Kirkenes tilsett ved ungdomsskulen som ungdomscoach gjennom prosjektmidlar kommunen har fått av Folkehelseprogrammet.
Målet med småjobbsentralen er å formidle praktiske, betalte tenester for alle i Herøy. Det blir jobba med ein app der du som innbyggar kan
- seie ifrå om du treng hjelp til noko
- seie ifrå om du vil gi hjelp
Appen kan også nyttast til å formidle frivillige oppdrag, noko vi vil vurdere på sikt. Appen gjer det enkelt å kople folk saman. Det kjem meir informasjon om dette etter kvart.
Erling Andreas Garshol Kirkenes har erfaring som lærar og støttekontakt og har jobba ved barnevernsinstitusjon og i barnehage. Kadir Dikbas har arbeidd med IT i offentleg og privat sektor, vore seljar og brukarstyrt personleg assistent (BPA).
Vi gratulerer med jobbane!