Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 140 brannutrykkingar til bustader i Møre og Romsdal i 2018. Heile 40 prosent av utrykkingane skriv seg frå komfyren. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.

På kommunestyremøtet 31.01.2019 orienterte rådmann Olaus-Jon Kopperstad om tilsetting av ny kommunalsjef samfunnsutvikling/assisterande rådmann og arbeidsavtale med kommunalsjef stab.

Ti tomer er klare for sal. Tomtene ligg i eit flott område midt i bygda.

Det er gjennom tilskotsordninga "Tiltak for auka sykkelbruk" at kommunen har fått innvilga midlane frå Statens vegvesen. Vegen kjem i bakkant av klatreparken.

 

Talet på deltakarar aukar, veldig kjekt at mange kjem seg ut i naturen. 

 

Vi er opptekne av kva som er viktig for deg! No lurer vi på om du har innspel til korleis helse og omsorg skal arbeide dei neste åtte åra i Herøy kommune.

Norsk Geologisk Forening inviterte nyleg til Vinterkonferanse i Bergen, og Herøy kommune var tilstades. Det er ein arena for alle disiplinar innan geofaget med eit mål om å bidra til kunnskapsdeling, nettverksbygging, inspirasjon og faglig påfyll.

Kommunane Herøy, Ulstein og Vanylven har frå 1. januar 2019 etablert eit felles skatteoppkrevjarkontor, Søre Sunnmøre kemnerkontor.

 

No er vår chattebot, Losen, klar til bruk. Du finn den på nettsida til kommunen, nede i høgre hjørne. Den er også tilgjengeleg på mobil og nettbrett.

Kor mykje må Herøy kommune spare i år samanlikna med i fjor? Og kva har politikarane valt at vi skal investere i? Er du interessert i kommunebudsjettet, skal du veldig gjerne få lese det! Du finn det vedlagt i artikkelen.