Svein Arne Orvik
Han får ansvaret for smittevern, helseberedskap og miljøretta helsevern, og skal gi medisinskfaglege råd til heile kommunen. I tillegg får han økonomi- og personalansvaret for legetenesta.
– Få til samhandling
Remøy har allereie fungert som kommuneoverlege ein periode. Han er fastlege ved Fosnavåg Helsehus, der han også skal halde fram vidare.
– Som kommuneoverlege ser eg mest fram til å vere med på å vidareutvikle og stabilisere legetenesta. Og eg ser fram til å få meir innsikt i drifta av Helse-Herøy. Målet mitt er å få til samhandling som gjer at vi får best mogleg nytte av kompetansen i kommunen, seier Remøy.
I Herøy sidan 2010
Han har tidlegare vore fastlege i Sande. I Herøy har han vore fastlege sidan 2010, med eit års avbrot for å ta spesialisering ved sjukehuset i Volda. Remøy utdanna seg til lege i Polen, der han var ferdig i 2006.
Remøy er oppvaksen på øya med same namnet. Der bur han også i dag med kona og sju barn.
– På fritida er eg stort sett å finne bak rattet på veg til ei fotballbane, eller utpå ei bane i lag med barna. Eg likar godt å vere ute i naturen, seier Remøy.
Vi gratulerer med den nye jobben!