Fagdagar i skulen

Dette skuleåret starta alle tilsette i grunnskulen med fagdagar knytt til kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Vi har hatt fokus på klasseromsnære kursdagar med innhald spissa mot dei ulike elevgruppene og variert og tilrettelagt undervisning.

På tysdag 12. august var 1. – 3. trinn samla på Leikanger skule og grendahus, 4. – 7. trinn på Einedalen. Torsdag 14.var Ungdomsskulen sitt personale var samla på Kulturhuset.

Hege Holmquist Synnes og Vibeke Preus  - Klikk for stort bilete Hilde Beate Hestås

Variert og praktisk undervising ved bruk av leik i begynnaropplæringa  

Alle tilsette som jobbar med 1. – 3. trinn møttest på Leikanger skule til ein spennande og kreativ dag leia av Hege Holmquist Synnes og Vibeke Preus som begge underviser på barnehagelærar og drama linja ved høgskulen.

Leiken er barn sin måte å lære, utforske og meistre på «I leken blir barn et hode høyere enn seg selv” ( Vygotsky). Vi har lært meir om korlei s vi skal bruke leik som pedagogisk metode og leggje til rette for gode og trygge leikemiljø som ivaretek barn sin lærelyst og fantasi.

Flokken vår i full sving med å designe "draumeskulegården" - Klikk for stort bilete HildeBeate Hestås

Takk til Hege og Vibeke for ein fantastisk inspirerande dag – dette skal vi gjere ilag med elevane våre!

 

Teknologi skal bidra til inkludering

I Herøy kommune ønskjer vi no eit løft for å skape endå meir inkludering gjennom bevisst bruk av teknologi. På fagdagen før skulestart deltok alle tilsette på 4.–7. trinn, PPT og leiinga på workshop saman med Statped for å lære korleis ulike digitale verktøy kan bidra til auka deltaking, motivasjon og læring for elevane våre.

Førre skuleår brukte vi mykje tid på å setje oss godt inn i kva endringar som var kome i den nye opplæringslova. No er vi klare for å prøve ut i praksis.

 Målet vårt er at dei som treng tilrettelagd opplæring innanfor den ordinære ramma, skal merke det minst mogleg. Det at nokon treng noko spesielt, blir mindre synleg. Vi fekk fagleg bistand frå

Rådgjevarane i Statped, Sølvi Ellefsen og Anders Wicken Ølander. Desse var svært engasjerte og har stor tru på måten Herøy no vil jobbe på –god pedagogisk bruk av digital teknologi kan føre til auka deltaking, læring og motivasjon. Mykje tilrettelegging kan gjerast innanfor ordinær undervisning, slik at det blir mindre behov for det veldig spesielle.

Statped introduserte eit prinsipp om å først planleggje undervisninga for dei elevane med samansette og komplekse behov. Den tilrettelegginga dei har behov for, vil òg dei andre elevane ha nytte av. Det som er nødvendig for nokre, kan vere nyttig for alle. Staped er særs nøgde med at vi som kommune vil ha dei med på laget når vi lærer mange ilag. Då er det større moglegheit for at vi greier å endre og forbetre praksis framfor når dei kjem for å lære nokre få noko som dei skal prøve å ta tilbake til eige kollegie.

Tilrettelegging for elevar med behov for lese og skriveteknologi, med særleg fokus på vurderingssituasjonar 

Torsdag 14. august var alle tilsette ved Herøy ungdomsskule samla i festsalen på Kulturhuset til fagdag med Marianne Kufaas Sæterhaug frå Lingit.

Denne dagen fekk vi veldig god informasjon rundt korleis vi kan verte effektive brukara av lese og skriveteknologi.

Vårt felles hårete mål er at tilrettelegging for desse utfordringane som er svært vanleg i alle klasserom skal verte så vanleg at dei elevane som verkeleg treng den, både får den i alle klasserom på alle skular, men også blir ein del av vanleg praksis, slik dei tør å nytte seg av tilbodet utan å kjenne seg annaleis og utanfor felleskapen. Alle tilsette har no fått kurs ilag, der dei fekk trykke og prøve og spørje også avslutta vi dagen med å planlegge i klasse og skuleteam der vi alle fekk tid til å planlegge ilag - korleis skal vi gjere dette med den elevgruppa vi har i vår klasse og på vårt trinn.