Kommunestyret har i møte 02.10.2025, sak 104/25, fatta følgjande vedtak:
Kommunestyret vedtek å starte opp arbeid med kommunedelplan for naturmangfald, jf. Plan- og bygningslova § 11-12.
Kommunestyret sender planprogram for kommunedelplan for naturmangfald på høyring, jf. Plan- og bygningslova § 11-13.
Måla for kommunedelplan for naturmangfald i Herøy kommune er:
- Å samle, systematisere, oppdatere og kartfeste kunnskap om naturmangfald i kommunen. Dette skal gjerast i ein felles plan som skal brukast som grunnlag for revideringa av kommuneplanen sin arealdel og anna planarbeid.
- Målet er også å få auka kunnskap om status, verdi og forvalting av naturmangfald både i administrasjonen, hos politikarar og innbyggjarar.
- Identifisere å få kunnskap om område som er særleg verdifulle for det biologiske mangfald.
- Identifisere manglar i kunnskapen, og føreslå vidare kartlegging og tiltak som betrar tilstand, verdi og funksjon for naturmangfaldet i kommunen.
- Identifisere utbyggingsområde som må kartleggast som del av reguleringsarbeid.
- Etablere ein forpliktande tiltaksdel for å ivaretake naturmangfaldet i kommunen.
Planen skal gjelde heile Herøy kommune, inkludert sjøareal.
Kommunedelplan for naturmangfald skal utarbeidast som ein kommunedelplan og skal følgje krava i plan- og bygningsloven. Det er viktig at planarbeidet er godt forankra både i kommunen si administrative leiing og med politikarane som skal vedtake planen, og avgjere korleis den skal brukast.
Her kan du lese planprogrammet
Vi ønsker innspel til planprogrammet, gjerne om kva planen bør innehalde og om det er ønskeleg å medverke til planprosessen.
Skjema for høyringsinnspel
Merk med saksnummer: 2025/6703
Frist for å sende innspel er: 21.11.2025