Invitasjon til informasjon- og intensjonsmøte med Rocket-Man

Vi som tek initiativ til møtet, arbeider i ulike tenestelinjer i kommunen. Vår felles erfaring er at det i Herøy, er fleire ungdomar som frå barne- og ungdomsskulealder som slit med å finne sin plass innan dei sosiale rammene vi har i dag. Dette ønsker vi å gjere noko med. Eit initiativ for felles innsats med mål om å hindre at unge fell utanfor.

Ei jente som klatrar i klatrevegg. - Klikk for stort bilete AdobeStock

Gjennom felles fagsamlingar møtte vi Rocket-Man i mai. Vi ønsker no å undersøke moglegheitene til å få vår eigen Rocket-Man i Herøy. For å få til dette, er det behov for ein felles innsats på tvers av offentlege tenester, næringslivet, skulane, lag og organisasjonar samt frivilligheita. I den samanheng inviterer vi derfor til eit felles informasjon- og intensjonsmøte saman med Rocket-Man.

Dato: Onsdag 5 november

Tid: Klokka 12:30 og klokka 18:00 (For å sikre at flest mogleg kan delta, har det blitt sett opp to forskjellige informasjonsmøtepunkt. Møtet varer cirka 1,5 time)

Stad: Herøy Kulturhus

Vi får besøk av Gyril Lunde Tusvik og Thomas Fjeldstad, frå Rocket-Man i Porsgrunn.

Kort om Rocket-Man:

Rocket-Man er eit prosjekt som ønsker å fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor fellesskapet, eller som strever med å finne sin plass i livet. Vi i Rocket-Man jobbar for å skape et trygt og inkluderande miljø. Vi ønsker å skape en arena med fokus på tryggheit, meistring og tilhøyrsle. 

Rocket-Man er for unge frå 13-18-årsalderen. Kvar deltakar får en eigen aktivitetsguide. Dette skal være ein «storebror»/ «storesøster», ein god venn. Ein aktivitetsguide er ein du kan prate med, ein som passar litt ekstra på, kan bidra med at du tar gode val, og som tar deg med på ulike morosame og spennande aktivitetar. 

På Rocket-Man sine nettsider kan du lese meir.

Her er ivitasjonen til samlinga. Spre gjerne bodskapet med andre! (PDF, 593 kB)

Vi håpar at akkurat du kjem på eit av møta – for du er viktige støttespelar i lokalsamfunnet vårt!