– Ønsker sterkt å bidra til positiv utvikling

Janine Müller og Gabrielle Valø er i gang som sentrumskoordinatorar i Fosnavåg. Dei gler seg til å samarbeide med alle som vil skape eit levande sentrum.

to kvinner i bymiljø - Klikk for stort biletePå plass i Fosnavåg: Gabrielle Valø (frå venstre) og Janine Müller. Svein Arne Orvik

Dei er tilsette i kvar si halve stilling som sentrumskoordinator. Dermed deler dei på stillinga som er finansiert av fylkeskommunen og av næringslivet i Herøy. Kommunen stiller med kontorplass.

Müller og Valø skal jobbe for å utvikle Fosnavåg sentrum. Dei skal vere eit bindeledd mellom kommune, handel og næringsliv for å skape gode og varige samarbeid.

8. mai: Velkomen til ideverkstad om møteplassen mellom Cubus og Intersport!

– Mange kjekke og utfordrande oppgåver

Janine Müller har jobba som sivilarkitekt i Tyskland, internasjonalt og frå 2012 hos Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik i 9 år. Ho har òg vore prosjekteringsgruppeleiar i Volda i eitt år. Hennar andre mastergrad er i mekling og konflikthandtering.

Müller har spesialisert seg på arkitekturpsykologi – korleis rom påverkar oss menneske og samfunnet – i tillegg til brukarmedverknad og prosessleiing. Ho er sjølvstendig næringsdrivande i sitt eige firma Sense & Elegance AS.

– Eg ser fram til å samarbeide med alle aktørar for å skape eit levande sentrum, gode møteplassar, fylle dei tomme lokala – og mykje meir. Det er mange kjekke og utfordrande oppgåver som treng ei løysing, og eg gler meg til å bidra, seier Müller.

– Vil jobbe tett med næringsliv, kommune og innbyggjarar

Gabrielle Valø er fødd og oppvaksen i Herøy. Ho er utdanna klesdesignar ved moteskulen Esmod i Oslo. Dei seinare åra har ho jobba som Design Manager i kleskjeda Volt.

– Der har eg fått vore med på ei utruleg spennande reise frå eg starta som designassistent til no å ha vore leiar for designteamet. Etter å ha budd og jobba utanfor kommunen sidan eg var 16 år, er eg no tilbake – og det med eit sterkt ønske om å bidra til positiv utvikling i heimbygda mi, seier ho.

– Eg trivst aller best når eg får kombinere struktur og kreativitet, og når eg får samarbeide med ulike menneske for å skape noko som betyr noko – noko som gjer ein forskjell. Som person er eg engasjert, løysings- og resultatorientert. Eg har alltid hatt ei sterk tilknyting til Herøy, og det å få vere med å skape liv, møteplassar og framtidstru her heime, betyr mykje for meg, fortel Valø.

– I rolla som sentrumskoordinator vil eg jobbe tett med næringsliv, kommune og innbyggjarar for å gjere Fosnavåg til ein stad folk ønskjer å vere – og ønskjer å vende tilbake til, seier ho.