Open brannstasjon med brannbamsen Bjørnis

Velkomen til open dag på brannstasjonen på Eggesbønes frå klokka 13:00 til 15:00 søndag 21. september. Då opnar Fosnavåg brannstasjon portane for store og små besøkande. 

Bjørnis - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning

Adressa til brannstasjonen er Sjukeheimsvegen 12.

– Open brannstasjon er ein tradisjon vi er stolte av. Det er både lærerikt og morosamt for heile familien, og vi gler oss til å ta imot mange besøkande, seier brannsjef Frank Steinsvik. 

– På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det vert rebusløp, teiknebord, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og moglegheit å få site i ein brannbil, seier Lene Utseth, førebyggande i Herøy brann og redning. 

Alle borna som deltek og fullfører rebusløpet, er med i trekkinga av ein flott premie.

Har du eit brannsløkkjeapparat du er usikker på, ta det med å få det sjekka av dyktige folk frå FOSNOT.  

Det vert servert pølser og saft til borna. Vi håper mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen.

Difor blir Brannvernveka arrangert 

Brannvernveka er eit landsdekkjande initiativ som blir gjennomført kvart år i veke 38, og som har til føremål å setje søkjelys på brannførebygging. Dette markerer òg starten på den landsomfattande aktiviteten «Nasjonal brannøvelse». 

 Når haustmørket fell på, brukar vi meir straum, tenner fleire lys og oppheld oss meir innandørs – alt dette kan auke risikoen for brann, og difor blir det ekstra viktig å øve, seier Lene Utseth på førebyggande brann. 

 Lag di eiga brannøving heime 

Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon. 

– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier kommunikasjonssjef i Brannvernforeningen, Aslak Gausen. 

Ei brannøving heime kan vere så enkelt som å snakke om ulike forhold knytte til brann rundt middagsbordet. Det kan til dømes vere: kvar er det sannsynleg at ein brann kan starte hos oss, eller kva rømmingsvegar har vi? Ho kan òg gjerast til ei meir praktisk og engasjerande aktivitet for heile familien. 

Nokre bilde frå dagen i 2024: