Hilde Beate Hestås
Elevane hadde program rundt omkring på skulen og i hallen og vi som gjestar fekk oppleve mykje artig denne ettermiddagen:
Skulekoret song i allrommet, hallen var rigga til bortennis, skikkelig hinderløype og kanonball, kunstutstilling hos 1. klasse, dans ute i amfiet og sist men ikkje minst fekk vi brynt oss på kahoot «er du smartare enn ein 4. klassing ».
Ein fantastisk ettermiddag med myldrande folkeliv i alle delar av skulen, god mat og blide fjes frå alle i vertskap og besøkande.
Bilde frå dagen: