Røyste på førehand i Herøy

Sjå kvar og når du kan førehandsrøyste. Førehandsrøysteperioden er 10. august–5. september. Tidlegrøysteperioden er 1. juli–8. august.

ein røystesetel blir lagt i ei valurne - Klikk for stort bilete Tore Fjeld / Kommunal- og distriktsdepartementet

Tidlegrøysting

I perioden 1. juli–8. august kan du tidlegrøyste på Herøy rådhus. Kontakt kommunen for å avtale tid. 

Telefon: 70 08 13 00. E-post: postmottak@heroy.kommune.no.

  
Du kan førehandsrøyste kvar som helst i landet. Sjå kvar du kan førehandsrøyste i nabokommunane våre.

 

Røyste på førehand ved Herøy folkebibliotek

10. august–31. august:

  • måndagar–fredagar klokka 11.00–16.00
  • laurdag 30. august: klokka 12.00–15.00

1. september–5. september:

  • måndag–fredag klokka 11.00–19.00

 

Røyste på førehand ved Bygdestova i Myrvåg

  • tysdag 26. august klokka 13.00–19.00
  • tysdag 2. september klokka 13.00–19.00

 

Hugs å ta med legitimasjon.

 

Røyste på institusjon eller i heimen

Vi held førehandsrøysting for bebuarane ved to institusjonar: Myrvåg omsorgssenter 26. august og Herøy omsorgssenter 27. august.

Kan du ikkje møte fram i eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør? Då har du rett til å førehandsrøyste der du oppheld deg. Klikk her for å lese meir om det.