Stikk UT!-favorittane er kåra

Friluftsråda i fylket har invitert turfolket i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag til å kåre sin Stikk UT!-favorittur i eigen kommune. Resultatet av kåringa klar.

Liv Synnøve Hoel  og Hilde Ellingsæter - Klikk for stort bilete Sunnmøre friluftsår

Det er 620 turar i ulike vanskegrader å velje mellom i vår region denne sommarsesongen. I kåringa, som varte frå 15. august til 15. september, fekk vi inn 340 svar på kva som er Stikk UT!-deltakararane sine favorittar for turar.

Friluftsråda understrekar at det ikkje er den finaste turen i kommunane som blir kåra, men Stikk UT!-brukarane sine favorittar.

– Å kåre den finaste blir vanskeleg fordi det er individuelt kva ein likar best med ein tur. Nokre likar det sjønære best, nokre likar seg i skogen og nokre likar seg i ope landskap eller i høgda. Stien betyr også mykje for korleis det opplevest å gå, likeins kva opplevingar ein får undervegs og ved turmålet, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.

Kåringa gav dette resultatet

Sunnmøre:
Ålesund kommune – Borgundgavlen
Ørsta kommune – Fonnvernet, Storelva på langs i Barstadvik, Rambjørhornet og Hornseten (like mange stemmer)
Volda  kommune – Gapahuken på Lid
Vestnes kommune – Helsetnakken
Vanylven kommune – Skåratinden
Ulstein kommune – Breifjellet og Osberget (like mange stemmer)
Sykkylven kommune – Sessvatnet
Sula kommune – Svanshornet
Stranda kommune – Skaret og Ljøsætra (like mange stemmer)
Sande kommune – Sandslegene
Herøy kommune – Storhanen og Igesundshetta (like mange stemmer)
Hareid kommune – Rotarystien og Håbakknotten (like mange stemmer)
Haram kommune – Alvestadhuken (turvegen på Alvestad)
Giske kommune – Storhornet
Fjord kommune – Mosætra

Nordmøre og Romsdal:
Aukra kommune – Aukra kyststi
Aure kommune – Benken
Averøy kommune – Mekknoken og Stavneset (like mange stemmer)
Gjemnes kommune – Elvastien
Heim kommune – Tussan
Hustadvika kommune – Raudtua
Kristiansund kommune – Kvernberget
Molde kommune – Prestaksla
Rauma kommune – Litelvarden ved Strandafjellet, Hovdekollen og Ransetfjellet (alle tre fikk lik stemme)
Smøla kommune – Ørnetua
Sunndal kommune – Seljebøvatnet
Surnadal kommune – Kavlvegen
Tingvoll kommune – Fløystadfjellet/Skarven

 Kvardagsturane i nærområdet er mest populære

– Her ser vi at det er mange av dei enkle og fine kvardagsturane i sine nærområde som er favorittar. Desse turmåla er også blant dei mest besøkte Stikk UT!-turane i sine kommunar. Det fortel oss at dette er viktige turmål som folk er glade i å bruke, seier Hoel og Ellingsæter.

– Men vi ser også at det er meir krevjande turar som både er nominert og som er mange sine favoritturar, mellom anna Storhornet på Giske, Svanshornet på Sula, Snøtind i Hustadvika og Hjelmen i Surnadal. Dette er turar med gode råser og der ein får ei fantastisk utsikt på toppen, seier Ellingsæter.

– I tillegg til å nominere sine favorittutmål, bad friluftsråda også om innspel til andre stadar som kan vere Stikk UT!-turmål, og her kom det også inn gode forslag. Dette blir formidla vidare til kommunane slik dei kan ta med dette i vurderinga når dei tek ut turmål for vinteren eller neste sesong, seier Hoel.

Så langt i sesongen har litt over 42.000 Stikk UT!-deltakarar i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag registrert 772.000 turar, og endå er det ein og ein halv månad igjen av sesongen (til 31. oktober).