Temakafé på Svingen «Bli arkitekten bak di eiga hjerne»

Fredag 21.november inviterer vi til ny temakafé på Svingen. Denne gongen er vi så heldige å få besøk av Tomas Myklebust, som held føredraget «Bli arktitekt bak di eiga hjerne». 

Temakafeen blir arrangert med støtte frå Helsedirektoratet.

Thomas Myklebust  - Klikk for stort bileteThomas Myklebust skal halde føredrag fredag 21. november. Pressefoto

Om føredraget

Hjernen er som ein muskel, svært trenbar, men dei færraste av oss har kunnskap om korleis vi kan bli betre til å utnytte vårt viktigaste organ. I dette foredraget får du lære konkrete metodar for korleis du kan redusere stress, bli meir kreativ og vere meir til stades i ditt eige liv. Gjennom ei fascinerande reise i di eiga hjerne får du innsikt i korleis du med enkle grep kan få det betre og prestere betre, både mentalt og fysisk.

Praktisk informasjon

Føredraget startar kl.13:00. Ønsker du å kjøpe kaffi eller noko i kafeen før foredraget, kom i god tid. Under foredraget er kafeen stengt for vanleg drift. Etterpå (cirka klokka14:00) opnar vi igjen fram til kl.15:00.

Ønsker du å delta?

Det er avgrensa plassar, så påmelding er nødvendig. Meld deg på seinast torsdag til telefon 904 72 871.