Tusen takk for ein fantastisk TV-aksjon!

Ordførar og kommunekomiteen vil rette ei stor og hjarteleg takk til alle som har bidrege – med smått eller stort – til årets TV-aksjon. 
Innsamla midlar går til Atlas-alliansen sitt viktige arbeid for barn og unge med funksjonsnedsetting i utsette land, slik at dei kan få eit betre liv. Dette er ei svært god sak, og vi er stolte over å ha fått vere med på dette.

På bildet ser ein nokre av dei som var med på konserten, frå venstre: Ordførar Ann-Kathrin Storøy, Thea Kanutte Åmelfot, Thea Teigene Dimmen, Varaordførar Karl-Oskar Sævik, Cathrin Hansen, Britt Paulsen, Cecilie Zahl, Maria Sporstøl Leine, Sigbjørn Myrseth, Fatima Myrseth, Sølvi Myrhol og Wenche Moltu.  - Klikk for stort biletePå bildet ser ein nokre av dei som var med på konserten, frå venstre: Ordførar Ann-Kathrin Storøy, Thea Kanutte Åmelfot, Thea Teigene Dimmen, Varaordførar Karl-Oskar Sævik, Cathrin Hansen, Britt Paulsen, Cecilie Zahl, Maria Sporstøl Leine, Sigbjørn Myrseth, Fatima Myrseth, Sølvi Myrhol og Wenche Moltu. Herøy kommune

Vi er spesielt takknemlege for det gode samarbeidet med skulane, som har gjort ein formidabel innsats med skuleløp og utlodding. 
Ein stor takk går også til vårt flotte næringsliv, som har bidrege raust, og til alle som har vippsa eller gitt via spleis. I år har vi hatt berre digital innsamling, og vi er svært fornøgde med både sluttresultatet og den merksemda aksjonen har fått.

Aksjonshelga var full av aktivitetar:

  • Sentrumsløpet fredag 17.
  • Fosnavåg i 100 og 200 laurdag, med pop-up kafé frå Kvalifiseringssenteret og Klovnen Fix med lirekasse og ballongar.
  • Støttekonserten søndag 19.10, med utruleg flotte og rørande innslag, leda av ein dyktig programleiar frå NFU Volda.


Tusen takk til Thon Hotel Fosnavåg for kaker og kaffi før konserten – ein fin møteplass for prat og fellesskap og til Olympic kulturfond for støtte til leige av Fosnavåg konserthus.

Og ikkje minst takk til alle som bidrog frå Kulturskulen, og alle andre som var på scena under konserten.

Ordførar og kommunekomiteen er strålande fornøgde med årets TV-aksjon – og med alle dykk som har gjort dette mogleg. Tusen takk!