TV-aksjonen 2025 er tildelt Atlas-alliansen

Gjennom TV-aksjonen 2025 skal Atlas-alliansen gi funksjonshemma i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv. Vi i Herøy er også klare til å hjelpe personar med funksjonsnedsetting i andre land!

Planar i aksjonsveka

Som i fjor har komiteen mange planar for aksjonsveka. Under planlegging er sentrumsløp, gratis konsert og utdeling av flyers for dei som handlar lokalt. Vi minner om at det er digital innsamling i kommunen. Det er oppretta ein spleis «Frå oss som bur i Herøy» og her håper vi sjølvsagt mange er med å gi sitt bidrag.

Dette er QR-koden til spleisen:

QR-kode frå oss som bur i Herøy - Klikk for stort bilete

 

 

Kva er stiftelsen Atlas-alliansen?

Atlas-alliansen er ein stiftelse med organisasjonar av funksjonshemma og deira pårørande i Norge. Det er ein paraplyorganisasjon for internasjonalt arbeid. Dei sju organisasjonane som er med er : Norges Blindeforbund, Norges Handikapforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Ryggmargsbrokk- og hydrocephalusforeningen, Mental Helse Ungdom og Stiftelsen Signo.

Atlas-alliansen ble stiftet i 1981 og har tidlegare hatt TV-aksjonen i 1981, 1992 og 2002.

Kva vil Atlas-alliansen bruke pengane til?

Atlas-alliansen skriv i sin søknad at dei vil ha fokus på gjenoppbygging i Ukraina og Gaza, og utviklingsprosjekt i Nepal, Zambia, Tanzania (Zanzibar), Etiopia og Uganda.

Atlas-alliansen vil sikre tilgang til:

  • Humanitær innsats (slik at ingen vert etterlatne i krig, kriser og konflikt)
  • Utdanning (slik at alle barn får gå på skole)
  • Helse (slik at alle kan få relevant helsehjelp)
  • Arbeid (slik at alle kan leve sjølvstendige liv)
  • Hjelpemiddel (slik at alle kan vere med)

Du kan lese heile søknaden til Atlas-alliansen som fekk TV-aksjonen for 2025 her.

Aktivitetar i kommunen:

  • aktivitetar i skule og barnehage
  • sentrumsløp, her ønsker vi at flest mogleg deltek. Det kan vere privatpersonar eller bedrifter.
    -Vi ønskjer at personar med rullestol og rullator også vil stille på løpet, seier leiar for den lokale TV-aksjonen, ordførar Ann- Kathrin (Tine) Storøy.
  • Fosnavåg handelsforeining arrangerer Fosnavåg i 100/200
  • Kvalifiseringssenteret stiller med pop-up kafé der fleire få Ukraina skal deta (Ukraina er eit av mottakarlanda i år)
  • gratis konsert for alle søndag 19. oktober. Denne vert på Fosnavåg konserthus. Før konserten stiller hotellet opp med kaffi og kaker. Alt du betaler denne dagen går til TV-aksjonen.

 

Fleire aktivitetar og program for konserten vil kome.

 

Vi ønsker alle ei flott aksjonsveke og vi håper at vi på nytt klarer å samle inn pengar til dei som treng det!