Velkomen som statsborgar

Det var ein høgtidleg og glad seremoni i Molde der mange vart statsborgarar i Noreg.

Representant frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Laima Raciene, ordførar Ann-Kathrin Tine Storøy og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste - Klikk for stort bilete Herøy kommune

Det var musikk, underhaldning, song og taler.  Både assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste og ordførar Turid Humlen frå Sula la vekt på at ein skulle bruke stemmeretten sin. I tillegg  slo Humlen eit slag for det norske fenomenet «dugnad». Sjølv om ein ikkje får betalt i kroner og øre vil ein vere med å lage eit betre samfunn, vi møter vener og vert ein del av eit fellesskap, seier ho.

Lover truskap

Alle nye borgarar går opp på podiet, kommunevis. Dei får rose og bok, og vert fotografert.

Deretter må alle reise seg å seie truskapsløftet til Noreg;

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noreg sine lovar.»

Seremonien vart avslutta med nasjonalsongen og alle syng med.

Frå Herøy

Om lag 100 personar vart heilt nye statsborgarar i helga. Frå Herøy var ordføraren og ein person som vart norsk statsborgar.

-Dette var ein fin seremoni og eg vil gratulere alle som var til stades og hadde gjort dette valet, seier ordførar Tine Storøy.

Alle nye statsborgarar samla. - Klikk for stort bilete Herøy kommune

Etter seremonien var det fest og salen var full av smil, og av kake, kaffi, is og brus.