På jobb for HerøyI denne serien møter du fire som har begynt hos oss dei siste åra. Følg med når vi lyser ut ledige stillingar! Svein Arne Orvik Kva inneber det å vere på jobb for Herøy? Det fortel Ida Kvalsund Bruksås, Joakim Bakke Muren, Lisa Dorthe Sævik Valø og Christina Aasen-Helvig om. Dei fire representerer kvar sin sektor i kommunen. – Eg brenn for å kunne gi nokon ein betre kvardag, seier miljøterapeut Ida Kvalsund Bruksås.– Eg vil vere eit forbilde og rettleie elevane til å bli sjølvstendige vaksne, seier lærar Joakim Bakke Muren.– Eg blir glad når eg ser at folk har trua, seier samfunnsplanleggar Lisa Dorthe Sævik Valø.– Eg vil bidra til at andre skal få gjort jobben sin, seier HR/HMS-konsulent Christina Aasen-Helvig. Her ser du om vi har ledige stillingar. Publisert av Svein Arne Orvik Publisert 13.08.2024 10:05 Sist endra 15.03.2025 10:13