Roar Skoglund: – Eg må velje: Vil eg få eit sløvsinn? Eller vil eg vere aktiv og pågåande?

Roar Skoglund: – Eg må velje: Vil eg få eit sløvsinn? Eller vil eg vere aktiv og pågåande?

– Eg finn mykje glede i å delta i ulike samanhengar, seier herøyværing Roar Skoglund.

portrett av Roar Skoglund - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Med kampanjen «4 tips til 65+» vil vi i Herøy kommune gi nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

Klikk her og få med deg kampanjen «4 tips til 65+»

I samband med kampanjen møter vi tre herøyværingar som deler korleis dei ser på det å bli eldre.

Her gir vi ordet til Roar Skoglund:

– Eg ser det slik: Vi blir fleire eldre, og det blir færre yngre til å ta vare på oss. Så vi må gjere ein innsats sjølve etter kvart som vi blir eldre.

Det gjeld å tenke framover før du har blitt gamal. Sjå føre deg: Kva kan du vente deg? Du kan ikkje rekne med at slik du har det i dag, slik skal du også ha det om fem år. Heller ikkje om eitt eller to år. 

Det kan skje ting du ikkje er herre over. Huset der eg og kona budde tidlegare, måtte vi selje. Helsa tilsa at det ikkje ville gå å ta vare på huset og eigedomen. 

No har eg etablert meg åleine i ny leilegheit. Den nye kvardagen gjer at eg må lære meg ein del nye ting. Eg har for eksempel ikkje vore noko særleg til kokk før. Men no har eg lært meg å lage varierte middagsrettar. Eg frys ned porsjonar som eg kan ta fram seinare.

Oi, gjeld dette meg? Den tanken slår meg når eg må lære å gjere ting på ein annan måte. Ja, det er nødvendig å omstille seg.

Mange trur nok at når du blir gamal, så skal nokon kome og hjelpe deg med mykje. Den som treng hjelp, må få det. Men eg meiner vi må vere aktive sjølve. Fabian Stang sa at det å bli eldre er veldig oppskrytt. Men det kjem veldig an på kva vinkling du har på det.

Eg finn mykje glede i å delta i ulike samanhengar. Eg er med i kameraklubb, frimerkeklubb, pensjonistforeining, Rotary – og ikkje minst eldreråd. Og eg syng i Herøy mannskor. Der har eg vore med i over tolv år, og eg vonar å halde på så lenge stemma held. Å vere med i kor gir god helse, både fysisk og mentalt. Dessutan er eg verje.

Det at eg har tatt på meg ansvar, gjer at tida går veldig fort. Ho flyg av garde.

Av og til tenker eg: Må du vere med på alt dette? Eller skulle du brukt tida på deg sjølv? Men så spør eg meg: Kva vil kvardagen gi meg då? Eg må velje: Vil eg få eit sløvsinn? Eller vil eg vere aktiv og pågåande?

Alderen krev sitt, så klart. Eit vondt kne gjer at eg ikkje kan springe i fjellet. Og eg har avslutta karrieren som skodespelar i Herøyspelet. Eg er ikkje så mobil som eg var.

Men det er mykje som kjem an på kva innstilling eg har. Kor ivrig er eg? Kor motivert er eg til å ta vare på den fysiske og mentale helsa mi?

Det går ikkje an å sette seg ned og sovne vekk. For meg er svaret å vere aktiv.

av Roar Skoglund – fortalt til Svein Arne Orvik

 

Artikkelliste