Etablere, utvide og godkjenne barnehagar

Etablere, utvide og godkjenne barnehagar

Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ønske og etablere ny barnehage eller endre eksisterande drift. 

Dersom du har planar om å etablere privat barnehage eller utvide eksisterande barnehage, må det avklarast med kommunen om barnehagen er kvalifisert for offentleg finansiering. Barnehageeigar må difor søke om tilsegn om tilskot før bygging eller utviding.

Det er opp til kommunen å avgjere om det skal tildelast tilskot eller ikkje, jf. barnehagelova § 19 andre ledd. Kommunen kan avslå søknad om tilskot, sjølv om barnehageeigar allereie har igangsatt utviding eller bygging.. Vi oppfordre difor barnehageeigar om å søke om tilsegn om tilskot før utviding eller bygging. 

Før ein ny barnehage kan starte opp, skal kommunen som barnehagemynde godkjenne barnehagen etter Lov om barnehage § 14. 

Kommunen avgjer etter søknad om barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til tal på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk. Dette gjeld mellom anna pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. 

Krav til søknaden:

  • barnehagen sine vedtekter skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid
  • barnehagen skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, for å sikre samarbeidet med barna sin heim 
  • barnehagen skal føre internkontroll

 

Ved store aktivitets- og bygningsmessige endringar i eksisterande barnehagar, må det søkast ny godkjenning.

Når barnehagen er godkjent og i drift, vil kommunen jamleg gjennomføre tilsyn av at gjeldande lov og regelverk vert fylgd.

Rettleiing
Kommunalt tilskot til private barnehagar
Ny godkjenning av eksisterande barnehage
Godkjenning av ordinær barnehage
Godkjenning av open barnehage
Godkjenning av familiebarnehagar
Søknad
Vedtak
Klage
Nedlegging, skifte av eigar eller andre organisatoriske endringar